


BODAROV AURA
- Dahlia -
Født: 11.​05.2019
​
Farge: Kvit/Beige
​
Vekt: 30 kg
​
Høgde: 72.5 cm
​
​
​
Helse:
ECVO – Uten anmerkning
DM - Fri
​
​​
​
​
STAMTAVLE​​​​
​​
​
​
Bodarov Aura blei døpt Dahlia når ho kom til Tough In Fluff flokken vår. ​
Når ho kom heim til oss frå Kennel Bodarov synst alle små at dette var ein veldig rar skapning. Med sitt rolige og vennlige vesen sjarmerte ho fort resten av flokken og blei adoptert av Chloè som hadde valpar på hennar alder.
Dahlia og Auri har vokst opp som eit veldig rart søskenpar, og dei er bestevennar til dags dato.
Dahlia var veldig skeptisk til ny Borzoi i flokken når Rosanna flytta inn for Dahlia er no ikkje Borzoi, ho er terrier synst ho. Litt miljøskada blir ein no. Men ho fant fort ut at denne nye langbeinte tingen kan springe masse fortare enn terriere, so kanskje den ikkje var so ille egentlig. No er Rosanna og Dahlia veldig gode venna, og dei gjer nesten alt i lag.
​
Dahlia var Borzoi nummer ein i vår heim, og ho gav sjølvsagt meirsmak.
Ho er evig pappa-jente og vil helst være med Jørgen overalt han er, og han er veldig svak for jenta si so ho er nok ganske bortskjemt.
​
Dahlia har gjort det bra i utstillingsringen til no, og like før landet stengte ned fikk ho sitt fyrste CERT.
​
Ho konkurrerer i Lure Coursing når vi har muligheit, og har til og med reist heim med ein fyrsteplass og CERT på prøve i Sverige våren 2022! Vi gleder oss til fortsettelsen.
​
Jørgen og Dahlia har òg gått Blodsporprøve i lag og fikk topp karakter.
​
Dahlia er vår evige lisje prinsesse-diva. ​

"I am a princess. All girls are. Even if they live in tiny old attics.
Even if they dress in rags, even if they aren't pretty, or smart, or young.
They're still princesses."
-Frances Hodgson Burnett-
