


OPPDRETT
- Avlsplanar -
Om du er interessert i å kjøpe valp frå oss eller mulig deleige/fòrvert er det berre å ta kontakt so kan vi bli kjent og eventuelt diskutere aktuelle kull og planar.
Vi har ikkje fyrste mann til mølla prinsipp og alle våre valpar blir solgt til den heimen som virkar som den beste heimen for akkurat den valpen.
Vi tek alltid i mot interesserte for framtidige kull og snakker gjerne hund med dei som måtte ønske det.
Vi har to kull planlagt for sommer/haust 2023

Auri Tough In Fluff blir parra neste løp som er forventa i løpet av sommeren.

Maienyas Isabela Storm blir parra neste løp som er forventa i løpet av sommeren.
Valpar frå Kennel Tough In Fluff er klare for avreise når vi føler dei er klar for det.
Tidligst ved 8 veker, men vi har hatt fleire som blir igjen til rundt 12 veker.
Dette ser vi ann i utviklinga til kvar valp og som oftest har vi ein tanke om kven som treng litt meir tid lenge før henting.
Som oftest har vi muligheit til å ha dei litt lenger om det skulle være nødvendig av praktiske årsaker.
Vi ser helst at alle potensielle heimar kjem på besøk før henting, men vi forstår at dette ikkje alltid er realistisk, spesielt no i disse tider. Valpane tek i mot sine fyrste besøkande når dei er rundt 5 veker gamle, for då er dei sopass gamle at dei kan ta inn meir inntrykk av sine framtidige familier.
Alle valpar frå oss blir levert med:
Stamtavle
Registert i NKK
Vaksinasjon
Ormekur
Microchip
Kjent mat
Kjent teppe
Kjent leike
Kjent godbit
Sele som dei har trent på å gå i
Eit enkelt bånd
Forsikring i Agria