


STARAJA RUSSA RADOSHA
- Rosanna -
Født: 17.07.2020
​​
Farge: Sable/Kvit
​
​​
Vekt: 30 kg
​​
Høgde: 75 cm
​​​
​
​​
Helse:
Oppdaterast i 2022
​​
​​
​
​​​​​​​​​
​
Staraja Russa Radosha kom frå Kennel Staraja Russa i Finland. Hennar kvardags navn blei Rosanna.
Rosanna er ei herlig ung frøken. Ho er veldig sjølvstendig og trygg i seg sjølv, men ho elskar nærheit, kos og leik med menneska sine.
​
Fyrste dagen i Tough In Fluff flokken tok ho seg til rette og var ikkje det minste bekymra for å være i nytt land, med nye folk og ein stor flokk nye hundar.
​
Rosanna er modig og ubekymra til livet og tek alt på strak pote.
​
Ho er god venn med alle, men aller besteste bestevenn er heilt klart Dahlia og av og til Cookie. Rosanna spring monge kilometer sammen med Dahlia, men når ho har lyst på brytekamp so tek Cookie over og gir ho litt juling.
Det er ikkje sjeldent vi hører umenneskelige hyl, og då er det nesten alltid Rosanna som ligg på golvet menst Cookie har tatt tak i øret hennar og prøvar å rive det av...
​
Rosanna sin favoritt aktivitet i kvardagen er å få sitte ute i hagen og sjå ut over kongeriket sitt. Der er alltid noko verdt å studere, og om du roper på ho må ho vudere nøye om å komme inn er interessant nok til å forlate posten sin. Tenk om det kjem eit rådyr menst ho er inne?
​
Rosanna høyrer heime her i flokken og har virkelig funne seg til rette.
Vi er veldig spent på kommande år med utvikling for jenta vår.
​
​

"Tomboys are confident, rebellious, and adventurous.
They are bold, brazen, fierce and sexy.
They aren't known for following rules, they are known for doing whatever they want."
​
-Lizzie Garrett Mettler-
