


AITANA
- Chloè -
Født: 27.01.2017
Farge: Brun tricolor
Hale: Lang
Vekt: 8,5 kg
Høgde: 38 cm
Helse:
ECVO – Uten anmerkning
Patella – Fri
MPS – Fri
Chloè har genane bbDd. Dette betyr at ho kan i teorien gi alle farger i avkom. Dette kjem sjølvsagt an på kva hannhund ho blir matcha med.
Chloè har bodd hos oss sidan ho var ganske ung. Orginalt skulle det være midlertidig. Då Maria skulle hjelpe å sosialisere og trene ho litt. Men vi blei heilt forelska i denne dama, og ho har blitt verande i Kennel Tough In Fluff sidan.
Ho er eigd av Kennel Maienya, men vi har ei fin avtale der vi delar på den gode jenta vår sidan det endte med at ho blei boande her.
Chloè er mor til to av Tough In Fluff sine kull, A-kullet, og B-kullet, B-kullet er gjort i samarbeid med Kennel Maienya. Vår Auri er hennar datter.
Ho er derimot mor til heile flokken vår i praksis. Chloè held dei unge i sjakk og forklarer kvar grensene går kvar dag i flokken vår. Samtidig elskar ho alle uendelig masse.
Ho er den av våre Terrier Brasileiro som bruker lengst tid på å bli heilt komfortabel med nye mennesker som kjem inn i hennar hus, men om du har vunne hennar tillit, so er ho din for alltid. Ho er ekstremt glad i mennesker og det er alltid kjekt å sjå på når ho får nye vennar. Ho går frå litt usikker, til å skulle sitte på fanget eller kose inntil deg heile tida.
Chloè er ein stabil og trygg hund i kvardagen og vi har brukt ho til å berolige utrygge hundar fleire gongar. Ho er veldig nyttig å ha med på tur f.eks med nærvøse hundar, då ho osar sjølvsikkerheit og rolig glede.
Ei herlig dame på alle måtar!

"A strong woman is the lifeline of her family. She carries within her the power to endure pain and the courage to sacrifice.
She has the power to create and nurture life. She is indeed the epitome of love and sacrifice."
-Aarti Khurana-
