top of page

OM OSS

781258.jpg
- Filosofien -

Det å la hundar være hundar er noko vi synst er viktig. Og vi vil helst at hundane skal få utfolde seg innen det dei er avla til. 

Vi oppfordrer våre hundar til å bruke språket sitt so masse som mulig, og la hundane fortelle både oss og dei andre hundane, kva dei tenker. Det er viktig å følge med på kroppsspråket deira, og sånn føler både vi, og sannsynlegvis dei, at vi forstår kvarandre bedre.


Hundane har fyrste prioritet her hos oss. Vi er ikkje folk som  har eit par hundar, dette er ein livsstil for oss. Og om gjestar ikkje kan oppføre seg mot våre hundar, er ikkje dei velkommen i vår heim. 

I avl prøver vi å lage fysisk og psykisk friske hundar, som kan gjere det dei er avla til orignalt. Vi er også opptatt av at det er bærekraftig avl over tid.

Vi driv med utstilling, men utstillingspotensiale er ikkje viktigere enn helse og personligheit.

Vi avler aldri kun for å produsere valpar, men fordi vi trur kombinasjonane kan tilføre rasen, og vårt framtidige avl, gode ting. 

Hundane våre er som barna våre noko som er tydelig i vår kvardag og heim. Og det er akkurat sånn vi vil ha det.

- Menneska -

Vi heiter Jørgen og Maria Sellgren. Vi bor på eit småbruk som heiter Strandli, rett ved Osensjøen på Søre Osen i Trysil. Vi kjøpte Strandli i 2017, etter å ha bodt litt utanfor Kongsberg ei stund menst Maria gikk kurs for å bli hundetrener ved Troll Hundeskole over ca 2 år.

Maria kjem frå kystbyen Fosnavåg, ytterst i havgapet på Sunnmøre. Ho budde der største delar av livet fram til ho flytta til Svene utanfor Kongsberg for hundestudier, og det var ekstra motivasjon å være ca 6 timar nærmare kjæresten sin, Jørgen.

Då Maria reiste, hadde ho med seg hunden Wicket, ein då 3 år gammel Griffon Bruxellios. Planen var allereide då å skaffe ein hund til etter ho hadde komt på plass i ny bolig.

Jørgen er i frå Nittedal, ei kommune utanfor Oslo.

Han har bodd fleire plassar igjennom livet, men var i Oslo då han og Maria møttest.

 

Det tok ikkje lang tid før Jørgen endte opp med å bytte jobb og flytte inn med Maria i Svene når ho flytta dit.

Ei stund etter henta vi vår fyrste delte valp, ein Kaukasisk Ovtcharka frå Polen.
Rasevalget var Marias som alle som kjenner oss tek som ei sjølvfølge. Det er ei krevande, stor og sterk rase, men Maria var langvarig avstandsforelska i rasen, so sånn blei det.

Maria har tidligere lang erfaring med hund, som dekker alt frå Yorkshire Terrier, til Boerboel, og Alaskan Malamute, og masse andre i mellom. Ho elsker alle hunderaser, men er spesielt svak for kraftige raser, og trivst veldig godt med rolige og stødige hundar.

Noko ein kanskje ikkje skulle trudd når ein ser flokken vår i dag.

 

Jørgen har tidligere lite erfaring med hund. 
Dette endra seg heldigvis fort!


Vi blei forlova i 2016, og gifta oss i starten av 2018.

Då var vi godt på plass på småbruket vårt og klare for å utvide flokken vår.

 

Kennel Tough In Fluff vart etablert i 2017 orginalt registrert for å avle kun Kaukasisk Ovtcharka.

Etter litt tid, og uhell i helse på importar, so kom vi fram til at vi ville heller fokusere på ei rase som var litt enklare å forholde seg til, og enklare å finne kvalifiserte heimar til.

Vi har fortsatt våre K.O, men vi har ingen planar om å avle på dei. Dei trivst godt med å passe på bruket og dyra i kvardagen.

 

Maria var interessert i ei rase som var enkel å arbeide med og litt mindre enn disse digre beista våre, og samtidig var fokus på helse og å kunne drive bærekraftig avl veldig stort. Verken Maria eller Jørgen var intressert i å starte med ei rase der utgongspunktet er ein sjuk eller svak hund.

 

Ganske fort blei terriere oppe til vurdering. Vi såg på fleire typer terriere, Parson, Jack, Border f.eks.

I søket etter den rette terrieren for oss, so kom vi heilt tilfeldig over Terrier Brasileiro. Livlig, arbeidsglad, lettlært, tidvis reservert mot fremmede, varsler, jakter... det hørtest egentlig heilt perfekt ut for oss.

Vi tok kontakt med eit par oppdrettere og fikk god dialog med alle sammen. Vi reiste snart på besøk for å hilse på flokken til Kennel Maienya i Oslo. Etter det såg vi aldri tilbake. Terrier Brasileiro er kommet for å bli. Dei herlige galne småtrolla våre som kvar einaste dag får ein til å le og av og til grine med påfunna sine. Dei er alltid klare for å trene, og alltid klare for å kose.


Chloè (Aitana) var den fyrste Brassen i vår heim, ho skulle egentlig berre innom ei stund, fordi Chloè trengte litt ekstra oppmerksomheit og trening, Kennel Maienya spurte om Maria hadde tid til å hjelpe litt, og vi stilte villig opp for å bli godt kjent med vår fyrste Brasse før kjøp av eigen valp, men ho blei boande og er hos oss enda.

Chloè er òg mor til Kennel Tough In Fluff sitt fyrste kull, som blei født 17.04.2019.

 

Maria er den som trener våre Brasser mest i kvardagen, både til utstilling, Blodspor, Nosework, Smeller, og soooovidt starta trening til Rally. Det er mest for hjernetrim til hundane, men vi planlegger litt konkuranser etterkvart. Maria og Storm har fått godkjent luktprøve på bjørk.

 

I åra som kom blei Jørgen meir og meir involvert i hundeverden, han blei snart kasta i utstillingsringen for fyrste gong på Dogs4All,.

Jørgen jobbar godt med hundar, både i ringen og i andre settinger. Han har lært masse i åra som har gått, og gått frå å være heilt ny på hund og hundespråket, til å kunne jobbe bra med nesten alle hundar. Han bygger veldig fort tillit med nye hundar, med ein rolig og vennelig treningsstil. Der er sjølvsagt meir å lære, men det er det alltid.

 

Vi reiste sammen på utstilling og treninger ofte over dei neste åra, og vi utforska avlsdelen av hundehold i sammen. Vi trivst veldig godt med å ha kull, Maria legg planar for å få mest mulig korrekt sosialisering og trening til kvart kull, og Jørgen styrer på med uendelig tolmodigheit.

Vi er alltid heilt utmatta når eit kull reiser, men sånn synst vi det skal være. All vår tid og energi blir lagt i dei små frå dei er født, og vi prøver alltid å gi dei mest mulig fine opplevelser av nye ting før dei skal reise.

 

I avlen vår har vi lagt tyngde på fysisk og psykisk sunne hundar i kvar kombinasjon, og so ønsker vi sjølvsagt rasetypisk utseende.

Vi har heldigvis alltid vært veldig enige om kva vi ønsker å kordan vi ønsker å gjere ting, og vi er begge like involvert i både forbredelser og oppdragelse av våre små.

 

Ein eller annan gong i løpet av denne tida, hadde Jørgen sett ein Borzoi på utstilling. Han hadde aldri sett ein Borzoi før, og var heilt akutt forelska i disse rare lange dyra.

Vi er litt usikker på kor lenge vi hadde diskutert rasen, men ein dag dukka det plutselig opp ei annonse om eit kull med Borzoi, frå linjer Maria synst var spennande, og i Norge ikkje minst. Vi bestemte oss for å sende ei melding og sjå om vi fikk svar.

Vi fikk god kontakt med oppdretteren, og vi var enige om masse innen hundeavl og hundehold. Maria reiste for å sjå på valpane, og vi bestemte oss for å be om å få kjøpe ein av dei. Det fikk vi!
Jørgen reiste seinare til Bodarov Borzoi og henta vår fyrste Borzoi, Dahlia (Bodarov Aura).

 

Jørgen blei heil-frelst i Borzoien. Dahlia og Jørgen var som borrelås, og er det fortsatt. Dei har gått i ringen i lag fleire gongar, og kosar seg masse i lag. Jørgen og Dahlia har òg bestått si fyrste blodsporprøve i lag i 2020. Vi har òg starta med filletrening i håp om å kunne prøve på lisens for Lure Coursing snart.

 

Vi blei enige om at vi ønska å avle på Borzoi òg ein dag, og rasen har blitt ein stor del av kvardagen vår.

 

I 2020 blei både Maria og Jørgen valgt inn i Borzoi Utvalget, og vi sit der begge enda.

 

Om ting går vår vei håper vi på å kunne ønske vårt fyrste Borzoi kull velkommen i løpet av eit par år.

 

 

Vi trivst veldig godt i det gale hundelivet og lærer meir om hundane, språket deira og meininga med livet kvar

dag vi er sammen med flokken vår.

bottom of page