top of page

C-KULL

- Maienyas Isabela Storm & Prince of Rio Do Jardim Imbui -

Terrier Brasileiro, Brasiliansk Terrier, valper, puppies

I dei tidlige morgontimane, 11 Mai 2020, blei Storm mamma til sitt fyrste kull, 5 små perfekte brasser.

Storm har alltid vært ein klump av kjærleik, ganske forvirra av dei små heilt i starten, men fant fort ut av dette var ekte små bebiar, og dei var hennar, og ingen skulle ta dei i frå ho. Og sidan då har ho vært kjempe flink mamma. Ho elskar dei meir enn ho nokon gong har elska noko, og det seier ein del, for ho elskar alt veldig masse, alltid. 

Faren til kullet er Prince of Rio Do Jardim Imbui, som var på besøk hos oss tidligere i året. Han bor egentlig i Spania, men har vært på besøk i Sverige ei stund, og vi var heldige nok å få låne han før han reiste tilbake til Spania og Let's Go Kennel.
Rio er ein herlig gutt, som vinn hjerta til alle han møter. 

Denne kombinasjonen resulterte i 5 nydelige Brasilianske Terriere, som no er ein del av den veksande familien vår her i Kennel Tough In Fluff!

Der var 1 Tispe og 4 gutar:   

Cookie Snickerdoodle Tough In Fluff - Bobtail, svart.

Cato Callidus Tough In Fluff - Lang hale, blå.

Canto Trovatore Tough In Fluff - Lang hale, svart.

Cairo Nour Tough In Fluff - Lang hale, svart.

Cratos Aegeus Tough In Fluff - Lang hale, blå.

Alle i kullet har fått fantastiske nye heimar og vi er so glade for å kunne følge liva deira videre!

Vi er veldig takknemmelige til alle fine menneska som tek so godt vare på pels-barna våre.

Masse kjærleik til dokke alle!

bottom of page